Sykkelen

Rockepappasavsløringer
Harald Kvamsdal er en rå musiker, sympatisk og veldig tøff.. Men når det kommer til datteren, blir han snurret rundt lillefingeren!

Eg har mange gangar fundert på kvifor det er så vanskelig å seia nei til eit born. Kan det henga samen med at born er født med mastergrad i forhandlingar? Kona mi var på helgereis, og dottera mi og eg skulle skeia ut aleine i heimen. Laurdags morgon grisla me på og laga frukost. Eg spurde ho om kva me skulle fi nna på denne dagen. Ho ville ha hoppetau sa ho.

– Kva skal du med eit hoppetau då? spurde eg. Ho likte berre å hoppa. Eg kunne sjå i auga hennar at no var eg den ukule pappaen. Eg tenkte at eit hoppetau kan no ikkje vera den hardaste investeringa og gjekk med på forslaget. Men då vert det ikkje så mykje laurdagsgodt, sa eg. Eg og ville væra den som kunne væra knallgod på forhandlingar. Oki, svarde dottera mi mens ho sklei av kjøkkenstolen.

Eg haldt handa til dottera mi mens rulletrappene skrangla oss opp til sportsbutikken. Hald på ditt tenkte eg. Sei nei.

Når me kom til inngangen til butikken, var det plassert sikkert bortimot femti bornesyklar der.

– Kan eg få ein sykkel pappa? Viss eg får verta president i USA, svarde eg. Ukul pappa att såg eg på ho.

– Du kan prøva ein då, sa eg. Eg kan ikkje hugse at eg lærte å sykla så tidleg tenkte eg der ho svinga seg rundt. Det får bli den grøne då. Kva kostar den? Eg kikka på prislappen og kjende det sank noko i meg. Eg kikka bort på dottera mi som no hadde tatt hoftegrep og trippa med den eine blinkane joggeskoen.

– La gå, sa eg. Den er din, men då skal eg ha ein klem!

Så mykje for ein knallhard forhandlar.