Julenostalgi

“No har vi vaska golvet og vi har børi ved” syng dottera mi. Check tenkjer eg. Dei to viktigaste jolepresangane er og komen i hus. Eg har jo sjølvsagt kjøpt dei finaste. Kona mi svinsar rundt i huset i fin kjole beskytta av eit forkle mot ribbefeitet. Dottera mi spring rundt i stova med dei finaste skoa, og kan ikkje ta auga frå dei freistande pakkane under treet. Det er jolaftan att.

Eg sit i godstolen og er ein smule vemodig. Skulle ynskje at eg hadde gjort meir for dei som ikkje har. Dei som må feira jol utan vennar. Utan familie. Utan hus og plass å gjera av seg.  Tomlane går fortare kring kvarandre dess meir eg funderar. No må me gå rundt treet pappa skrik dottera mi. Eg kjenner at eg får ein klump i halsen når eg syng glade jul og ser inn i dei glitrande auga til dottera mi. – Pappa er allergisk for joletre mamma! Han har vorten våt i auga, nett som når han klappar ein katt. – Eg trur ikkje pappa er allergisk for joletre, seier kona mi og skjønar teikninga. Eg trur pappa treng ein god klem eg. – Du har ikkje barbert deg pappa. Du må jo barbera deg, seier dottera mi når ho har gitt meg ein bamse-klem. Eg luktar Hello Kitty parfymen hennar litt for godt og klarar ikkje å halda tilbake ein gigantisk nys. Ho ler så ho nesten dett ut av stolen. – Du er berre verdens kulaste pappa! Eg berre elskar deg!

Takk vennen. Takk!