Ahh..sumar att

Ahh..sumar att. Eg sit på stubben min og kikkar ut over sjøen. Dottera mi kvilar hovudet mot kinnet mitt. Eg kan ikkje komma på noko som er betre enn detta. Me har rød saft i mugga og to ispinnar ligg på eit tefat. Dottera mi har Donaldplaster på kneet, og gyllenbrune armar. Ein løvetann har overlevd fl ymoen og eg tenkjer at den må få lov til å væra i fred. Det er vepsemusikk og motordur.

Skal me jobba litt spør eg ho som brukar kinnet mitt som pute. Det kan me godt, kjem det gjennom ein halv gjesp. Me skulle ha fått opp fl aggvimpelen i dag me to seier eg.
Ho drassar vimpelen gjennom graset og gjer meg tautampen. Då pappa var i militæret, så måtte eg henga opp fl agg kvar morgon. Då var det ein som spelte trompet og. Militæret betyr…Eg og har trompet pappa. Eg trur han ligg i kassen min i stova. Ja du får henta den då.

Då er eg klar til å heisa fl agget. Er du klar med trompeten? Jepp. Dottera mi bles for fulle mugger og eg heisar fl agg. Eg kikkar ned på altanen til naboen. Dei har eit slags teselskap og sit i fi ne kjolar og dressar. Dei tykkjer visst at det dottera mi og eg gjer er morosamt. Me to tykkjer ikkje at detta er morosamt, men ærverdig og fl ott. Ned att på stubben. Meir saft. Ein is til kvar. Flaggvimpelen svaiar seg litt i vinden.

Ahh…sumar att!